languageNorskEnglishdeutsch
Viki Fjordcamping

Viki fjordcamping ligg i vakre omgivnader ved Lustrafjorden, inst i Sognefjorden. Me har den beste utsikta, rett over fjorden, til den kjende Feigefossen som er heile 218 meter høg. Viki fjordcamping er strategisk plassert mellom Sognefjellet og Jostedalen, og difor eit strålande utgangspunkt for fantastiske opplevingar. Sjå på sida aktivitetar for ei oversikt over attraksjonar og opplevingar i området.

Me har 13 hytter av ulik standard og storleik, frå heilt enkle, til høgstandardhytter med toalett og dusj. Dei største hyttene har kjøken, stove og 1 - 2 soverom. Me leiger og ut eit husvære for 1 - 2 personar, med kjøken/stove, soverom og bad. Du kan leige sengetøy. Me har 15 plassar til campingeiningar med uttak for straum til vogn eller bil.

På Viki Fjordcamping kan du oppleva Sognefjorden på nært hald. Me leiger ut motorbåt, robåt, pedalbåt og kano. Me leiger og ut fiskeutstyr. På området er det kiosk med fjernsynsstove og kjøken. Kro 200 meter fra campingen. Me har ope fra 1. mai til 15. oktober. Hyttene er opne heile året.

FilmPanoramavideo frå campingen

Viki Fjordcamping       Hyttene

Feigefossen       Camping
GalleriFleire Bilete